Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 250–255

4.9.1

  1. Olas erstatningsansvar
    Ola kan få ansvar på grunnlag av den ulovfesta skuldregelen. Den eventuelle aktløysa hans må vurderast ut frå den aktsemdsnorma det er rimeleg å krevje av elgjegerar som sit slik på post. Det må vere aktlaust å skyte utan å sjå målet. Elgjegerar som skyt på mistanke, har handla aktlaust. Det er det ikkje tvil om. Det ligg derfor føre ansvarsgrunnlag.

    Erstatninga kan avkortast dersom den skadelidde har medverka ved eiga skuld, jf. skadeserstatningslova § 5-1. Det er nok noko aktløyse å grynte som ein elg når ein veit at elgjegerar sit på post. Eg trur derfor at erstatningssummen kan bli sett ned.

  2. Erstatningsutrekninga ut frå skadeserstatningslova §§ 3-1, 3-2 og 3-5
    Først skal det reknast ut full erstatning, som omfattar tap etter skadeserstatningslova § 3-1. Det vil seie faktiske utgifter og dessutan tap i framtidig erverv og utgifter i framtida. Utgiftene som er knytte til det å få beinet amputert, er greie. Dei kan til dømes omfatte utgifter til krykkjer og tilpassingar i bustaden og utgifter til kjøp og vedlikehald av protese.

    Tapte inntekter vil i stor grad vere avhengig av yrket til den skadelidde. Ein lektor som får beinet amputert, kan fort komme seg attende på jobb, mens ein skogsarbeidar eller bygningsarbeidar kanskje må omskolere seg og finne seg noko anna å gjere. Mens tapet lektoren får av arbeidsinntekter, er lite, kan bygningsarbeidaren får eit stort inntektstap.

    Det er også eit prinsipp i erstatningsretten at den skadelidde har plikt til å avgrense tapet. Prinsippet finn vi mellom anna i § 5-1 nr.2 siste alternativ. Det kan da bli forventa at den skadelidde omskolerer seg og finn eit meir høveleg yrke dersom det amputerte beinet er til stor hindring i det noverande arbeidet hans. Den skadelidde kan derfor ikkje rekne med å få dekt tapt arbeidsforteneste resten av livet, men berre i ein rimeleg omskoleringsperiode.

    Det amputerte beinet er ein varig og betydeleg skade som gir grunnlag for meinerstatning etter skadeserstatningslova § 3-2. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på tap av livsutfalding. Amputasjon over kneet vil gi ein uførleiksgrad på 55–64 %, sjå tabellen i læreboka på side 216. Blir erstatninga sett til same nivå som om det var yrkesskade, vil erstatninga per år bli 33 % av grunnbeløpet i folketrygda. Erstatninga vil som regel bli omrekna til eit eingongsbeløp.

    Det amputerte beinet kan også gi grunnlag for oppreising etter skadeserstatningslova § 3-5, men da krevst det at skaden skjedde forsettleg eller grovt aktlaust. Det er vel ikkje rimeleg å kalle handlinga grovt aktlaus når skotet vart provosert fram av den skadelidde sjølv.

4.9.2

Oppgåva er inspirert av ei verkeleg hending.

  1. Heimelaget (Prima) sitt ansvar
    Heimelaget Prima kan som arrangør få erstatningsansvar på grunnlag av skuldregelen dersom heimelaget ikkje har gjort det som er rimeleg å krevje av dei for å gjere banen sikker for publikum. Det kan dreie seg om mangelfull sikring i medhald av eit regelverk, til dømes reglar om nett bak måla som skal fange opp ballar når publikum står tett bak målet.

    Dersom nokre av dei tilsette i klubben ikkje har gjort jobben sin godt nok med omsyn til sikringa, kan vi bruke skadeserstatningslova § 2-1. Regelen krev at ein arbeidstakar har vore aktlaus. Dersom det ikkje ligg føre eit formelt tilsetjingsforhold, må dette spørsmålet avgjerast ut frå definisjonen av arbeidstakar i § 2-1. Det er ikkje umogleg at ubetalt dugnadsarbeid i visse situasjonar kan bli vurdert som arbeid utført av arbeidstakarar, slik at klubben får arbeidsgivaransvar. Vi går ut frå at eventuelle personar som har gjort sikringsarbeid for klubben, er arbeidstakarar, og at desse må klandrast for ikkje å ha sett opp sikringsnett bak målet. Vi reknar derfor med at det er grunnlag for erstatningsansvar.

    Det er ingen praksis for ulovfesta objektivt ansvar i eit tilfelle som dette.

  2. Vera fotballklubb (bortelaget)
    Spørsmålet er om klubben til spelaren som skaut, kan få ansvar. Eit slikt ansvar må eventuelt byggje på skadeserstatningslova § 2-1, og da er det ein nødvendig føresetnad at fotballspelaren var arbeidstakar og klubben hans arbeidsgivar. Det vil vere tilfellet dersom Vera fotballklubb er ei verksemd som driv profesjonell fotballspeling. Arbeidstakarforhold er likevel ikkje tilstrekkeleg. Spelaren må også ha opptredd aktlaust. Spelaren har i dette tilfellet spelt og sparka som fotballspelarar flest, og han er ikkje å klandre for noko. Klubben kan derfor ikkje få ansvar på dette grunnlaget.
  3. Spelaren sitt ansvar
    Ansvar spelaren kan ha, må byggje på culparegelen, eventuelt på skadeserstatningslova § 1-1 dersom han er under 18 år. Men det ligg ikkje føre aktløyse og dermed ikkje ansvarsgrunnlag.
  4. Erstatningsutrekninga
    Det mest aktuelle ansvarsgrunnlaget er skuldansvar eller arbeidsgivaransvar for arrangøren. Legg vi til grunn at det ligg føre ansvarsgrunnlag, blir spørsmålet kva som skal erstattast.

    Det ligg føre personskade. Maria skal derfor ha erstatning i medhald av skadeserstatningslova § 3-1. I dette tilfellet vil dette dreie seg om utgifter i samband med brotet, jf. formuleringa «lidt skade». Det er ikkje snakk om meinerstatning, som eventuelt ville ha vorte rekna ut etter skadeserstatningslova § 3-2a, ein regel om standardisert erstatning for tap i framtidig erverv og meinerstatning for ungdom som ikkje har fylt 16 år. Det er heller ikkje grunnlag for oppreising etter skadeserstatningslova § 3-5 fordi ingen har vore grovt aktlause.

4.9.3

Katrine krev erstatning av forsikringsselskapet til motorsykkelen
Det er ikkje tvil om at bilansvarslova gjeld, og at forsikringsselskapet til motorsykkelen i utgangspunktet har objektivt ansvar etter § 4. Motorsykkelen er «motorvogn», og årsaka til skaden er køyringa. Det er tilstrekkeleg til å konstatere at vilkåret «Gjer ei motorvogn skade» er oppfylt. Spørsmålet her blir om Katrine skal få avkorta erstatninga på grunn av medverknad til skaden ved eiga skuld. Den sentrale regelen står i bilansvarslova § 7.

Avkorting etter § 7 føreset at den skadelidde har medverka til skaden med eiga aktløyse. Det er opplyst at Katrine var påverka av alkohol, og at ho sette seg på bakskjermen utan baksete.

Er det aktlaust å vere passasjer i motorvogn når ein veit eller bør vite at føraren er påverka av alkohol? I ein kjend dom (RT-2000-1811) la Høgsterett i plenum til grunn at dagjeldande bilansvarslov § 7 var i strid med EØS-retten når den bestemte at ein skadelidd passasjer ikkje kan få erstatning dersom passasjeren visste eller burde visst at føraren var alkoholpåverka. Høgsterettsdommen førte til at bilansvarslova § 7 fjerde ledd no har formuleringa «skadeliden vognførar». Det er altså berre føraren og ikkje passasjeren som blir ramma av 100 % avkorting når føraren var påverka. Erik var påverka av alkohol, men det speler inga rolle for Katrines rett til erstatning.

Katrine sette seg bak på ein motorsykkel utan sete. Det var i seg sjølv aktlaust. I tillegg var ho påverka av alkohol. Når ein veit at ein er rusa, bør ein ikkje gjere slikt. Eg går derfor ut frå at Katrine kan få nedsett erstatning på grunnlag av bilansvarslova § 7 første ledd. Ho risikerer at erstatninga fell heilt bort.

I ei sak frå Avkortingsnemnda (AKN-2150) frå 2004 vart erstatning heilt avslått overfor ein passasjer på motorsykkel. Både føraren og passasjeren var rusa, og ingen brukte hjelm. Saka vår er vel så alvorleg som denne.

Konklusjon: Eg går ut frå at Katrine ikkje får erstatning av selskapet.

Eriks personlege ansvar
Dersom Katrine ikkje får erstatning av selskapet, kan ho rette kravet direkte mot Erik. Grunnlaget skulle vere greitt: skuldregelen. Reglane om medverknad frå den skadelidde etter skadeserstatningslova § 5-1 og om lemping etter skadeserstatningslova § 5-2 gjer at det neppe er så mykje å hente. Kanskje ingenting.

Skulle forsikringsselskapet få eit ansvar overfor Katrine, kan det krevje beløpet attende frå Erik etter bilansvarslova § 12 bokstav c. Erik får såleis anten eit direkte ansvar overfor Katrine eller eit regressansvar overfor forsikringsselskapet sitt.

Vi har ikkje haldepunkt for å vurdere erstatningsbeløpet på kr 5 000 000. Dersom full erstatning er så høg, kan Eriks ansvar bli lempa etter § 5-2.

4.9.4

Læraren har løysingsforslag

4.9.5

Læraren har løysingsforslag

4.9.6

Læraren har løysingsforslag

4.9.7

Læraren har løysingsforslag

4.9.8

Grunnlaget for erstatningskravet er skadeserstatningslova § 2-1. Skal Lars Holm få medhald, må det liggje føre ansvarsgrunnlag etter denne regelen. Det vil seie at det må vere gjort aktlause handlingar av dei tilsette hos arbeidsgivaren.

Det er opplyst at ryttarar og trenarar var tilsette i jockeyklubben. Det ligg derfor føre ansvarsgrunnlag dersom ryttar eller trenar har vore aktlaus. Det er vidare opplyst at vektteppet ikkje vart lagt på hesten på grunn av «forgløyming». Vi går derfor ut frå at trenaren og assistenten hans, som hadde ansvar for dette, var aktlause. Vi kan derfor konstatere at det ligg føre eit ansvarsgrunnlag. Det kan også argumenterast med at det var aktlaust av ryttaren ikkje å oppdage det manglande vektteppet.

Medhald i erstatningskravet føreset også at vilkåra om årsakssamanheng og påreknelegheit er oppfylte. Årsakssamanheng ligg føre dersom tapet ikkje hadde oppstått dersom handlinga blir tenkt borte. Det vil seie at tapet ikkje hadde komme dersom hesten hadde bore vektteppe. Det kan ikkje sannsynleggjerast at hesten ville vunne dersom han hadde hatt vektteppe. Det ligg derfor ikkje føre årsakssamanheng.

Konklusjon: Lars Holm får ikkje medhald.